Til stades: Kari Mosebakken, Svein Sæther, Arne Randen, Gustav Ekre og Per Prestgard.

1. Tur til Eidsvoll.
Oppslutninga har vore mindre enn venta med knapt 20 påmeldinger innan fristen  10. juli.
Per tingar buss for 20 deltakarar til stykkpris kr. 895. Gustav og Arne informerer sine respektive deltakarar om avreistidspunkt frå Coop 3. august kl.  07.30.

2.Ope Helg – arrangementet.
Per orienterte om førebuinga av utstilling  av reiskap og ting laga av Simen Aaseng og aasengty vove og pressa av Ymbjørg Aaseng. Det er vald/utnemnd  komite i husflidslaget og i historielaget. Møtet slutta seg til eit framlegg om evt. programpost med diktlesing el. likn.
Arne lagar quiztevling for deltaking berre laurdag. Arne og Svein er mannskap. Desse tek også seg av boksalget.

3. Skuleprosjekt.
Per presenterte ein ide for eit mogleg samarbeid med skulen. Elevane i ei klasse kan bli invitert til å skrive si forteljing der eleven fortel om heimstaden, familien eller noko anna av lokalhistorisk art. Arne følgjer opp overfor skulen.

4. Heidalsmålet.
Andre opplaget av Heidalsmålet er utseld. Før ein set i gang produksjon av nytt opplag er det ønskjeleg med supplering av ord og uttrykk. Framlegg om moglege kandidater til ein arbeidskomite vil bli identfisert til neste møte.

5. Årbok 2014. 
Per orienterte om status for arbeidet med boka. Boksleppet vil skje sundag 12. oktober. Program for boksleppet kjem opp på neste møte.